Elvarhøi
Página inicial > E > Elvarhøi > Venelite

Venelite

Elvarhøi


Venelite rider ut fra sin faders gård
Då ser ho bergjekongen frem for seg står
Tiril-lillil- haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden

Høyr no venelite kva eg seier deg
No skal du heim til bergjet følgja med meg
Tiril-lillil- haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden

Så rir de tri gonger bergjet omking
Då bergjet seg opna og dei går nå inn
Tiril-lillil- haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden

Så steller han mjød og vin frempå sitt bord
Drikk no venelite, gløym din far og mor
Tiril-lillil- haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden

Då venelite tredje gong av mjødglaset tok
Så gløymde hun sin faders gard og gløymde ho si tro
Tiril-lillil- haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden

I bergjet er du fanga, i bergjet skal du bo
I bergjet skal du kvile, men aldri finne ro
Tiril-lillil - haugjen min
Og det leikar så lett gjennom lunden
Tiril - lillil - haugjen min
Og ho kallar så sagte i vinden.

Encontrou algum erro na letra? Por favor, envie uma correção >

Compartilhe
esta música

Ouça estações relacionadas a Elvarhøi no Vagalume.FM
ESTAÇÕES